Etter samhandlingsreforma har det vore ein auke i komplekse, pasientretta oppgåver for sjukepleiarar i kommunehelsetenesta. Behovet for kompetanseheving er stort, men det manglar ein overordna strategi. FORFATTERE Dagrun Kyrkjebø Høgskulelektor Avdeling for helsefag, Høgskulen på Vestlandet, Førde Bente Egge Søvde Høgskulelektor Avdeling for helsefag, Høgskulen på Vestlandet, Førde Maj-Britt Råholm Professor Avdeling for helsefag, Høgskulen på Vestlandet, Førde NøKKELORD Fokusgrupper, Kommunehelsetjeneste, Sykepleierrolle, Kvalitativ studie, Organisering SAMMENDRAG Bakgrunn: Samhandlingsreforma har ført med seg endring i arbeidsoppgåver og kompetansekrav for kommunalt tilsette sjukepleiarar. Det har vore ein auke i komplekse, pasientretta oppgåver, og sjukepleiarane har fått ein travlare kvardag der behovet for kompetanseheving er stort. Denne studien er ein del av ein større kvantitativ studie (NursComp) der forskargruppa har undersøkt sjukepleiekompetanse i kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane. Føremål: Føremålet med studien er å beskrive korleis sjukepleiarar i kommunehelsetenesta arbeider med kompetanseutvikling, og kva utfordringar sjukepleiarane møter i arbeidet med slik utvikling. Metode: Vi hadde ei kvalitativ tilnaerming, og vi gjennomførte to fokusgruppeintervju i to kommunar i Sogn og Fjordane. Utvalet omfatta seks sjukepleiarar frå kommune 1 og åtte frå kommune 2. Resultat: Sjukepleiarane beskriv mange faktorar som påverkar dei i arbeidet med å halde seg fagleg oppdaterte -mellom anna fellesskap med kollegaer, refleksjonstid, tidspress, økonomiske faktorar og mangel på tilrettelegging frå leiarane.Konklusjon: Sjukepleiarane har plikt til å vere fagleg oppdaterte for å møte krava i